laurdag 7. april 2007

israel

Cæsarea var den fyrste historiske plassen vi besøkte på turen etter tre dagar med avslapping.
Cæsarea vart bygd av Herodes den store i 20 f.kr og var ein gong ein veldig kjendt havneby. Pontius Pilatus regjerte her,Filip misjonerte her og Paulus blei satt i fengsel her!








Akvedukten som førte vatn frå Cæsarea!










Jødisk bryllup var det neste som var på programme over ting vi skulle gjer i Natanya.

Dette vart ein kveld med mykje musikk og dans.
To stk. frå skulen min "gifta" seg, med 150 lærara og elevar som fulgte spent med på korleis dettte skulle skje.
Fyrst kom det ein 8-9 menn dansande inn på golvet med "brudeparet" som fylgje bak med mange damer rundt seg.
Deretter måtte "brudeparet" gå rundt på golvet medan mennene dansa. Denne dansen varte lenge.
På bildet ser vi mennene i aksjon! Med damene bak som ivrige tilskodarar.
Etter dansen var det vi som kunne få prøve oss på golvet, det var mange som gjorde.













Solnedgang over middelhavet frå altanen på King Solomon hotell!








Dei fyrste dagane i Natanya gjekk også med til: soling, bading, shopping, spising på uterestaurant, temadag med tur til Jaffa (den gamle havnebyen i Tel aviv), bading i Paradisets forgård. Rett og slett nokre avslappande dagar før turen gjekk vidare nordover til Genesaretsjøen!















Eit morosamt skilt som vi fann i Natanya!










På veg til vårt neste stopp Genesaretsjøen(søndagsskule sjøen som guiden vår kalte det) stoppa vi i Nasareth, der Jesus bodde saman med Maria og Josef frå dei kom frå Egypt til han flytta til Capernaum 30 år gammal. Vi besøkte kyrkja der Maria fekk vite at ho skulle føde Jesus.
Siste stopp denne dagen var i Kana i Gallilea der Jesus gjorde sitt første under, vatn til vin.
















På Genesaretsjøen var vi på båttur og stoppa midt ute på sjøen for å synge og lese frå Bibelen. Etter båtturen for vi opp på fjellet der Jesus hadde si mest berømte tale, Bergpreika.
Ikkje lang herfrå ligg Tagba der Jesus møtte disipplane sine og metta 5000.


Vi hadde to temadagar ved Genesaretsjøen, på den eine temadagen for vi til ein Kibuts der vi var på ein "gard", og fekk oppleve korleis det var å bo i Israel for 2000 år sidan. Vi fekk på oss gammeldagse klede, og vi fekk halde geite killingar, vi laga brød på bål og laga geiteost av mjølk som vi mjølka sjølve.





















Den andre temadagen skulle vi på Golanhøgda, men dette vart ikkje så enkelt. Vi måtte snu halvvegs oppe fordi bussjåføren ikkje turde å kjøre heilt opp pga. snøstorm! Det er ikkje alle som er så "heldige" at dei får oppleve snøstorm i Israel, men vi gjorde det og det var ei kjekk oppleving.


















Så gjekk turen vidare nedover Jordandalen på vestbredden, til Jeriko (verdas eldste by). Vi var ei stund i ein butikk der vi kunne kjøpe Ahava produkt. Deretter fekk vi sjå Morbærtreet der Sakkeus klatra opp for å få sjå Jesus.



























Så gjekk turen vidare til Betlehem! Her på bilde ser vi der Jesus vart født.
Det var ei stor oppleving å være inne i denne kyrkja, og å sjå akkurat kvar Jesus vart født.

Så kom vi til Jerusalem!














Vi besøkte Oljeberget. Dette berget ligg øst for Jerusalem og grensar mot Judaørkenen.
Vi besøkte Kristi Himelfart-kapellet der Jesus steig opp til himmelen.
Vi gjekk Palmesøndagstien og gjekk dit Jesus satt å grein over Jerusalem.
Vi besøkte Getsemane der Jesus hadde sin sjelekamp, og det var her han vart angitt av Judas og arrestert.
Etter vi hadde besøkt desse stadane, var vi i basargatene å shoppa. Det var ei oppleving å gå rundt der å sjå på ting og folk. Det vart nokre butikkar som vart meir populære enn andre. Ein butikk som vart veldig populær var butikken som trykte merker på t-shorter eller gensarar. Det var mange som dukka opp med cola-gensarar, diverse andre "heime laga" gensarar.

Dagen etter besøkte vi Nattverdsalen, Kaifas hus og eit lite holocost-museum der vi kunne sjå historia om jødeutryddelsen under nazistane i Tyskland.
Og sjølvsagt såg vi Klagemuren, jødane sin mest heilage stad på jord! Vi gjekk Via Dolarosa, vegen Jesus gjekk til Golgata.

Neste dag var vi på det store Holocostmuseet.
6 millionar jødar vart drepne, og av desse var 1,4 millionar barn.
Det var barneavdelnga som gjorde mest inntrykk på oss.
Seinare på dagen hadde vi nattverdsgudstjeneste på Gordons Goldgata.
Vi såg Golgataklippen og Jesus tome grav!















Etter Jerusalem satte vi kursen rett sør, langs Dødehavet.
I Judaørkenen dramatiserte nokre frå skulen likninga om "den barmhjertige samaritan".
Deretter stoppa vi i Qumran der dødehavsrullane vart funne.
Vi bada sjølvsagt i Dødehavet, det var artig. Vi la oss berre rett bak og der låg vi:)
Vi kjørte med kabelbane opp til Massada. Herodes hadde fleire palass her.
Etter vi kom ned frå Massada for vi til ein beduinarleir som vi skulle være i ei natt. Der fekk vi fyrst sjå kvar vi skulle sove, noko som gjor at vi grudde oss litt til det, pga. mange markar som kraup rundt der.
Vi fekk te og kaffe medan beduinarane fortalte om korleis det var å være beduin.
Så vart vi servert middag, 4 og 4 rundt eit lite rundt bord på golvet. Vi fekk ris, brød og ulike tilbehør.
Seinare på kvelden kom det ein mann frå nærområdet for å fortelje oss, og vise oss nokon av dei krypdyra som kryp rundt i ørkenen der vi skulle sove! Slangane vart populære hos nokre, medan andre var meir skeptiske.
Etter dette var det leirbål og kos ute.

Dagen etter våkna vi ganske tidleg av lydar frå kamel, esel og andre folk i beduinarleiren.
Vi fekk frukost og så var det ut på tur.
Ei gruppe tok bussen opp på fjellet, medan den andre gruppa tok kamel,esel og "apostlenes hester" (føttene) i bruk.
Når dei andre kom opp på fjellet fekk vi ta over kamelane og esela! Det var ein kjempe kjekk tur. Eg reid på esel i ein halv time og kamel i ein time.
Eg anbefalar virkeleg å ride på kamel!

Deretter gjekk turen til Eilat.

Ingen kommentarer: